Informasjon om stenging av matrikkelen og grunnboka

Stenging av matrikkelen og grunnboka er ein konsekvens av kommune- og regionsreforma og er naudsynt for å sikre at endringane i registera vert gjort på tryggast og best mogeleg måte. 
Stenginga gjeld alle kommunane i Noreg, ikkje berre kommunane som er involvert i kommune- og regionreforma.

 

Matrikkelen stenger fredag 13. desember kl. 18.00

Grunnboka stenger fredag 27. desember kl. 20. 00
 

Dersom heimelsdokument skal tinglysast i tidsrommet 13. desember til 27. desember må eigenfråsegna sendast til ervervaren med original signatur og stempel frå kommunen.
Innsending av dokument frå kart- og oppmålingsavdelinga for seksjonering, oppretting av grunneigedom eller arealoverføring stopper 29. november. 


Systema skal vere oppe igjen 01.01.2020.