Informasjon frå Tysnes vassverk

Vatnet kan bli stengt om natta for abonnentar i Våge.

På grunn av enkelte lekkasjar kan alle abonnentar i Våge-området oppleva at vatnet er stengt mellom kl. 23 og 07 dei næraste dagane.  Det vert oppfordra til å planleggja for dette og tappa opp vatn som ein treng å nytta på denne tida. Stenginga vert gjort for ulike område for å sikra at nivået i høgdebassenget held nok reint vatn for levering på dagtid. Det vert arbeidd kontinuerleg med å lokalisera og utbetra lekkasjar. Tysnes Vassverket beklagar ulempene dette medfører.

 Arne Leite Mobil: 470 26 266