
Influensavaksinering for personar i risikogruppa
Stad og tidspunkt
Tysnes kommune vil tilby influensavaksine til personar i risikogruppa:
Sted: i Grendatun
Måndag 26. oktober
Tysdag 27. oktober
Onsdag 28. oktober
Klokka: 09.00-15.00
Betaling
Eigenandel på influensavaksine er 50,-. Grunna omsyn til smittevern vil me ikkje ta imot betaling ved vaksinering, me vil sende ut faktura. Dei som har frikort skal ikkje betale.
Risikogrupper:
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Bebuarar i omsorgsboligar/sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Barn og vaksne med diabetes type 1 og 2
- Kronisk lungesjukdom (inkludert astma), hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
- KMI over 40
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Er du i tvil om du er i risikogruppa? Ta kontakt med fastlege eller behandlande lege for avklaring.
Helsepersonell
Helsepersonell med pasientkontakt som er tilsett i Tysnes kommune vil få tilbod om influensavaksine gjennom arbeidsplassen.
I tillegg vert influensavaksine anbefalt til:
- Personar som bur samen med immunsupprimerte pasientar.
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
Vaksine mot lungebetennelse
Me vil også tilby vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine). Me oppmodar alle som er aktuelle for vaksinen til å avklare om dei skal ha den i år, på førehand. Er du usikker på kva tid du fekk den sist – sjekk helsenorge.no.
Pneumokokkvaksine vert anbefalt til følgjande:
- Alle over 65 år bør ta denne kvart 10. år.
- Personar med sjukdom som gjev immunsvikt eller nytter medisin som svekker immunforsvaret.
- Personar som hyppig vert eksponert for sveiserøyk.
- Andre etter avtale med fastlege eller behandlande lege.
Smittevern
Me oppmodar alle om å følgje råd fra FHI når det gjeld sosial avtand og hygiene.
Det vil være desinfeksjon tilgjengeleg.
Det er ønskjeleg at personar i same husstand kjem samtidig.
Hald deg heime dersom du har feber eller luftvegssymptom.
Influensavaksine til personar som ikkje er i risikogruppa
Personar som ikkje er i risikogruppa vil få tilbod om influensavaksine etter 1. desember. For å sikre at det er nok influensavaksiner til alle i risikogruppa, vil me berre prioritere personar i risikogruppa no.
Oppmøte
Det er ikkje nødvendig å bestille tid eller melde at ein kjem. Dersom det blir fult i foajeen i Grendatun, vil nokon måtte vente i bilane fram til det vert plass. Me vil ha personell på staden som registrerar informasjon for betaling, og som kan hjelpe til med å organisere kø.
Spørsmål
Ved spørsmål om influensavaksinen, vil me oppmoda om å sjå informasjon på www.helsenorge.no