flu-shot-K8GM3D2

Influensavaksine

Oktober 2022

Sted:     Tysnes helsestasjon

Dato:    Onsdag 26.10.22

                  Fredag 28.10.22

Tid:         09:00 – 12:00   og   12:30 – 15:30

 

Det blir også tilbod om oppfriskningsdose for koronavaksine og pneumokokkvaksine (lungebetennelse) for dei som ønskjar det.

Folkehelseinstituttet har vurdert at personer i risikogruppene kan få influensavaksine samtidig med koronavaksine.

 

Pris og betaling

 

Influensavaksine: kr 200,-
Pneumokokkvaksine: kr 500,-
Koronavaksine: Gratis

Betaling på betalingsterminal på legekontoret.


Sjå meir informasjon om influensavaksine hos HelseNorge

 

Samtidig tilbod om koronavaksine og Pneumovax

 

For dei i risikogruppene som ikkje har tatt oppfriskingsdose med koronavaksine, er det mogeleg å få denne samtidig. Me tilbyr nå oppdatert versjon av Corminaty (Pfizer) som skal dekka både det opprinnelege viruset og dei nyare koronavariantane som sirkulerer.
Det er tillegg anbefalt Pneumovax (mot lungebetennelse) for dei over 65 år og i risiko.  Denne vaksinen kan du også få samtidig. Du kan derimot ikkje få alle 3 vaksinene same dag.

 

Oppfriskingsdose med koronavaksine

 

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler ny oppfriskingsdose med koronavaksine i haust til:
•    personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
•    personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.
•    ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Anbefalt intervall sidan førre vaksinedose bør vera minimum 4 månader.

Anbefalinga om å ta ny oppfriskingsdose gjeld også dersom du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon. Det bør ha gått minimum 3 veker fra gjennomgått sjukdom til vaksinasjon. Det kan gjerne gå lenger tid enn 3 veker, sidan det truleg vil gi ein enno betre respons på vaksinen.

 

Pneumokokkvaksine til risikogrupper

 

Alle personar over 65 år, eller som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine.

Pneumokokkar er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan også gi eit alvorlegare sjukdomsforløp som blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).

Det er for pneumokokkvaksine  anbefalt revaksinasjon hvert 5. år som hovudregel.

Les meir om pneumokokkvaksinasjon på FHI.

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet (FHI).