25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
flu-shot-K8GM3D2

Influensavaksine

Tysnes kommune har fortsatt mange doser igjen og vil tilby ein ekstra dag med vaksinering.

Sted: Grendatun
Dato: måndag 25. oktober
  tysdag 26. oktober,
  onsdag 27. oktober
Klokka: 09:00 - 15:00

Ekstra dag:

Fredag 5. november
Klokka: 09.00-15.00

 

Drop-in

Det er ikkje naudsynt å bestille tid eller melde seg.
 

Betaling

Pris: 50,-

Har du frikort skal du ikkje betale.
 

Korleis betale

Ein kan betale på automaten på legekontoret. Her vil det være frivillige som hjelper dersom det er behov for bistand.

Dersom det skal sendast faktura vil fakturagebyr på kroner 60,- komme i tillegg.
 

Kven som vert anbefalt å ta influensavaksine:

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Bebuarar i omsorgsboligar/sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med diabetes type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma), hjerte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
  • KMI over 40
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Er du i tvil om du er i risikogruppa? Ta kontakt med fastlege eller behandlande lege for avklaring.

 

I tillegg vert influensavaksine anbefalt til:

  • Personar som bur samen med immunsupprimerte pasientar.
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.


Spørsmål

Ved spørsmål om influensavaksinen, vil me oppmoda om å sjå informasjon på www.helsenorge.no