HPV

HPV-vaksine til unge kvinner

Alle unge kvinner fødd i 1991 og seinare får frå 1. november 2016 tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld i to år framover.

Alle kvinner fødd i 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). Vaksinen er tilrådd unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. Kvinner i målgruppa som bur eller oppheld seg i Tysnes kommune vil få tilbod om vaksinasjon ved Tysnes legekontor eller ved helsestasjon for ungdom.

Vaksinasjonsprogrammet går over 2 år, og startar i november 2016. Vaksinen er tilrådd unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert gjeve i løpet av 6-12 månader, og må startast opp innan utgangen av 2018. 

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: https://www.fhi.no/hpv-vaksine

Den vanlegaste infeksjonen

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, oftast i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan gje beskyttelse også etter seksuell debut.
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd i 1991 og seinare få tilbod om gratis HPV-vaksine. Dette gjeld også dei som har fått tilbodet i 7. klasse, men har reservert seg mot vaksinasjon.

Tid og stad

Ta kontakt med Tysnes legekontor på tlf.: 53437080, eller Helsestasjon for ungdom 53437086.