Foto: Gezer Amorim fra Pexels

HØYRING - Forskrift om godtgjersle mm. til folkevalde i Tysnes kommune

Kommuneloven slår fast at kommunestyret gjennom forskrift skal gje folkevalde rett til dekking av utgifter og økonomisk tap m.m.

I kommunestyret 16. juni sak 44/20 var det lagt fram utkast til ny forskrift og kommunestyret gjorde følgjande vedtak:

Framlegg til forskrift om godtgjersle m.m. for folkevalde i Tysnes kommune vert lagt ut til høyring etter forvaltningslova § 37.

Endringane som låg i vedtaket er lagt inn i forskrifta:

Sjå forskrift med endring her

Sjå saksframstillinga her
 

Merknader til forskrifta må sendast skriftleg.

Du kan senda på e-post: post@tysnes.kommune.no innan 7. august 2020.

Etter forvaltningsloven § 37 andre ledd, må framlegg til ny forskrift sendast på høyring til berørte «virksomheter og organisasjoner». Berørte partar vert direkte informert.