baby-s-feet-on-brown-wicker-basket-161534_500x333

Helsestasjonen - tiltak mot koronasmitte

Helsestasjon, skulehelsetjenesta og jordmortjenesta reduserer drifta som eit ledd i den nasjonale dugnaden for å redusere koronasmitte. I denne tida ber me om at ingen møtar på helsestasjonen utan avtale.

Kontaktinformasjon til helsestasjon, skulehelsetenesta og jordmor

 

Felles nummer til helsestasjon :  53 43 70 86

 

 

Helsesjukepleiar born 0-5 år
Camilla Søreide Helland: 476 18 785

 

Helsesjukepleiar i skulen
Kathrine Berrefjord: 415 61 740

 

Jordmor
Elisabeth Hatteberg: 90 947 711

 

Familierettleiar

Ruth Johanne Dalland: 90 28 96 44

I denne perioda vert desse områda prioritert:

- oppfølging av nyfødte

- gjennomføre barnevaksinasjonsprogrammet

- 6 vekers konsultasjon

- følge opp barn, unge og familier med spesielle behov.

Andre avtaler på helsestasjon, skulehelsetenesta og HFU (helsestasjon for ungdom) vert utsett.

Helsesjukepleiarar og jordmor vil framleis vere tilgjengelig på telefon og e-post.

Me oppmodar om å ta  kontakt om du har spørsmål eller har behov for råd, rettleiing og samtalar. Dette gjelder både for foreldre, småbarn, skulebarn, ungdom og dei gravide.

 

Svangerskapskontrollar på helsestasjon vil gå som normalt.

For å minimere smitterisiko er det viktig at alle følger helsedirektoratet sine generelle anbefalingar angåande hygiene og karantene (https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/ )

Dersom du fyller kriterier for karantene kan du ikkje møte på helsestasjon eller legekontor.

Avlys planlagt time viss du har lette forkjølelsessymptom. Telefonkonsultasjon med jordmor er mogleg.

Partner kan diverre ikkje bli med på konsultasjon.

 

Heimebesøk etter fødsel vert erstatta med konsultasjon på helsestasjonen.

 

Angåande fødsel

Dersom du oppfyller kriterier for karantene må du informere fødeavdeling på telefon, før du kjem til fødeavdelinga. (sjå Helse Bergen og Helse Fonna om poliklinisk besøk, opphald i fødeavdeling og på barsel)

 

Her finn de offentlig informasjon til barn og unge og til deg som forelder eller gravid:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-for-gravide-barn-og-ungdom/

 

Korleis komme i kontakt med oss:

Me ber om at dykk ikkje møtar på helsestasjonen utan avtale.

Me vil så langt det er mogleg unngå fysiske møte i perioden me er i no. Dersom du har behov for konsultasjon må dette avklarast per telefon.

 

Ved avtale:

Viss du har sjukdomssymptom som luftveisplager, feber eller hoste vert timen utsatt.

Me oppmoder om god håndhygiene. Vask hender og bruk håndsprit når de kjem og når de går.

Unngå nærkontakt med andre.

 

baby-s-feet-on-brown-wicker-basket-161534

Kontakt oss

Helsestasjon

Telefon: 53437086

Telefax: 53437081

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal