Helsestasjonen

Helsestasjonen er eit gratis tilbod for gravide, foreldre, born og unge. Her kan du få råd og rettleiing frå helsesjukepleiar og lege. Me har eit eige tilbod for ungdom, 13 - 23 år.

Du finn oss i rådhuset i Uggdal.

Opningstiden på helsestasjonen følger rådhuset:
måndag - fredag 08.00 - 15.00

Tiltak mot korona

Frå 20. april gjekk me tilbake til normal aktivitet, i trå med nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta og nødvendige smitteverntiltak.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta vil ta kontakt med kvar enkelt for avtale.

Me vil fortsatt følge basale smittevern rutinar.

Barn, foreldre og ungdom som er i karantene, har symptom på sjukdom eller er sjuke skal ikkje komme på helsestasjonen eller til skulehelsetenesta.

Me oppfordrar til å komme til avtalt tid.

Barn skal berre følges av ein forelder dersom det ikkje er særlige behov som gjer at to må følge barnet.

Ta ikkje med søsken på konsultasjonane. Unntak er viss foreldre ikkje kan komme utan å ta med søsken, og dei må vere symptomfrie.

Telefonnummer til helsestasjon:  53 43 70 86

Jordmortenesta

Tysnes kommune har per no dessverre ikkje jordmorteneste.

Ved behov for svangerskapsoppfølging må ein ta kontakt med legekontoret.

Me kjem tilbake med meir info så snart det er endring i situasjonen.

 

Helsestasjonen: 53 43 70 86

 

Legekontoret: 53 43 70 80

Helsestasjon for barn 0 - 5 år

Kontaktinformasjon:
Camilla Søreide Helland:
Telefon: 476 18 785
E-post:
camilla.soreide.helland@tysnes.kommune.no

Helsestasjonen: 53 43 70 86
Me er lettast å nå  mellom 08.00 - 09.00 og 14.00 - 15.00

Helsesjukepleiar i skule

Kontaktinformasjon:

Kathrine Berrefjord: 415 61 740

Helsestasjonen: 53 43 70 86

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom frå 13 - 20 år. Her kan du treffe både helsesøster og lege.

Du finn meir informasjon her