lite barn med leke

Helsestasjon- og skulehelsetenesta opnar igjen

Frå 20. april går me tilbake til normal aktivitet i trå med nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta og nødvendige smitteverntiltak.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta vil ta kontakt med kvar enkelt for avtale.

Me vil fortsatt følge basale smittevern rutinar.

Barn, foreldre og ungdom som er i karantene, har symptom på sjukdom eller er sjuke skal ikkje komme på helsestasjonen eller til skulehelsetenesta.

Me oppfordrar til å komme til avtalt tid.

Heimebesøk etter fødsel vil fremdeles bli erstatta med konsultasjon på helsestasjonen.

Barn skal berre følges av ein forelder dersom det ikkje er særlige behov som gjer at to må følge barnet.

Ta ikkje med søsken på konsultasjonane. Unntak er viss foreldre ikkje kan komme utan å ta med søsken, og dei må vere symptomfrie.

Kontakt oss

Helsestasjon

Telefon: 53437086

Telefax: 53437081

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal