Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år (studentar).

Opningstid: Tysdagar    15:00 - 17:15
Stad: 2. etg. i Våge senter, over Carisma, ved siden av treffstaden
Tlf: 53 43 70 86

 

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år (studentar). HFU er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen.

Her kan du kome med det du ynskjer hjelp til

  • Samtale om det som opptar DEG, t.d fysisk, psykisk og seksuell helse, mat, rus, kjønnsidentitet eller vald/overgrep.
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Innsetting av p-stav
  • Graviditetstest og rettleiing i samband med graviditet
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

 

Kven møter du ved helsestasjon for ungdom?

Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning.

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar.

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning i svangerskapsomsorg/gravide og kvinnehelse.

Kommunepsykologen tilbyr samtalar etter avtale og helsestasjonslegen er tilgjengeleg annankvar tysdag.

 

Det er gratis å bruke Helsestasjon for ungdom!

Du bestiller ikkje time, berre kom innom.   

Velkommen!

Kontakt oss

Helsestasjon

Telefon: 53437086

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse:
Rådhuset
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal