HFU er for deg mellom 13 og 23 år (studentar).

Her møter du oss

Opningstid:    Torsdagar    15:00 - 17:15
Stad:    2. etg. i Våge senter, over Carisma, ved siden av Treffstaden
Tlf:    53 43 70 86

Her kan du kome med det du ynskjer hjelp til

  • Samtale om det som opptar DEG, t.d fysisk, psykisk og seksuell helse, mat, rus, kjønnsidentitet eller vald/overgrep.
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Innsetting av p-stav
  • Graviditetstest og rettleiing i samband med graviditet
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

Desse kan du møte ved helsestasjon for ungdom

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar.

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning i svangerskapsomsorg/gravide og kvinnehelse.

Kommunepsykologen tilbyr samtalar etter avtale.

Helsestasjonslegen er tilgjengeleg ein torsdag i månaden, ta gjerne kontakt for dato.

Det er gratis å bruke Helsestasjon for ungdom!

Du bestiller ikkje time, berre kom innom.   

Velkommen!