Tysnes

Gamle protokoller i ny utgåve

Formannskapsprotokoller frå Tysnes 1837-1920 er no digitalisert.

Kulturdepartementet sin strategi for digitalisering av kulturarven vår og å sikra innbyggjarane sin tilgang, som er ein demokratisk rett, er noko Tysnes kommune også ønskjer å bidra til.

I 2001 vart det overlevert protokoller etter møter i formannskapet før 1920 til Interkommunalt arkiv i Hordaland. Tysnes kommune kjøper tenester hos IKAH, blant anna har kommunen avtale om depot av all arkivverdig materiell som blir skap av organisasjonen vår.   

Arbeidet med skanning og publisering av møtebøker for kommunestyret og formannskap før 1920 for Tysnes kommune er no ferdig.

Arkivverket har fått mykje merksemd i samband med korona tiltaka, sidan lesesalane ved arkivinstitusjonane har vore stengt og då blir det stor etterspørsel etter digitalt materiell.

Difor er det gledeleg at Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS nyleg har publisert 128 formannskapsprotokoller etter 40 kommunar i Hordaland på Digitalarkivet. Protokollane er frå tidsrommet 1837-1920 – i alt rundt 25.000 sider.

Lenkja direkte til Tysnes kommune sine protokoller.

Billete er henta frå protokoll frå Tysnes formannskap 1837.  

God fornøyelse!

 

Kontakt oss

Synnøve Bakke

Kulturkonsulent
977 48 005
synnove.bakke@tysnes.kommune.no

 

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal