Framlegg til reguleringsplan - Elsåkerneset

Formannskapet vedtok i møte 15.10.14 å leggja framlegg til reguleringsplan for Elsåkerneset,  gnr.153 bnr. 5 m.fl. - Onarheim, ut til offentleg ettersyn. Føremålet med planen gjeld i hovudsak stadfesting av eksisterande bruk og tilrettelegging av 1 ny bustadtomt, 3 nye fritidstomtar, naust og småbåthamn. Planområdet omfattar område som i kommuneplanen er avsett til B/F/N-område (bustad, fritidsbustad og naust) og SA-område (småbåtanlegg). Merknader til ovannemnde planarbeid kan sendast til Tysnes kommune, landbruk- og teknisk etat, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, innan 31.12.14.