Kommunen har utarbeida eit framlegg til planstrategi for perioden 2024-2028. Planstrategien skal setta fokus på dei planoppgåvene kommunen bør starta opp med eller vidareføra for å legga til rette for ei positiv utvikling i kommunen.
Planstrategien har vore til handsaming i formannskapet, før den blei lagt ut på høyring tidlegare i haust. Omdømmeplan, plan for bulyst og tilflytting og sentrumsplan for Uggdal og Lunde, vart teke ut av planstrategien etter handsaming i formannskapet 26.11.2024. Kommunestyre skal endeleg vedta planstrategien i sitt møte, 17.12.24, jf. plan- og bygningslova § 10-1.