Forbud-1-red

Forbod mot open eld i skog og mark frå 15. april

17. 04. 15

Me minner om at det er forbode å tenna open eld i skog og mark frå 15. april til 15. september.

Det er generelt forbod mot bruk av open eld i skog og mark i perioden 15.04.14 til 15.09.14. Dersom du tek nødvendige forholdsreglar slik som, omsyn til gjeldande vær-tilhøve (tørkeperiodar, vind), terreng og har nødvendig sløkkjemiddel tilgjengeleg, kan du brenna mindre bråtebål på innmark. Me rår til at du då brukar ei tønne eller liknande. Brenninga må skje slik at røyken ikkje er til sjenanse for ev. naboar. Med bråte meiner me her kvist og liknande hageavfall. Produksjonsavfall frå næring og anna avfall frå private skal leverast på godkjent mottak. Det kan gjerast unntak for sviing av beite i denne perioden, dersom grunneigar kjem inn med ein brenneplan som vert godkjent.

Elles gjer me merksam på lov om brann- og eksplosjonsvern §5 om den einskilde si plikt til å førebyggja brann, eksplosjon og konsekvensen av dette. Sankthansbål vert godkjent etter søknad. Brannsjefen i Tysnes.