TBR[1]

Forbod mot bålbrenning

Frå 15.04 trer det generelle bålforbodet i kraft

Frå 15.04 trer det generelle bålforbodet i kraft og varer til 15.09. Dette inneber at  det er forbudt å tenne opp bål og grill i, eller i nærheten av, skog og annen utmark.

Tysnes brann og redning ber alle vise aktsemnd og lese informasjonen frå Dsb i artikkelen HER, dette er spesielt viktig i tida me er inne i med koronasmitte. Tysnes brann og redning må som alle elles i samfunnet ta vare på mannskapa og vere beredt når det trengs.

Tysnes brann og redning ønskjer alle ein fin og trygg vår.