Val logo

Førehandsrøysting

Val logo

Tidleg røysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta under ordinær førehandsrøysting og heller ikkje valdagen, kan du røysta frå 1. juli og til førehandsrøystinga startar.

Tidlegrøysting føregår i rådhuset frå 1. juli til 9. august.

Ved tidligrøysting er ikkje dei ordinære røystesetlane klare. Røystesetlane som vert brukt inneheld kun namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Ver merksam på at ikkje alle parti stiller til val i alle fylker.

Merk av for det partiet du ønskjer å røysta på. Ønskjer du å røysta på eit parti som ikkje står på røystesetelen, skriv du namnet på partiet i det blanke feltet på røystesetelen.

Hugs legitimasjon.

Førehandsrøysting

Førehandsrøysting føregår på rådhuset frå 12. august til fredag 6. september. 

Opningstider for førehandsrøysing er kl 09.00 - 15.00.

Førehandsrøysting på omsorgssenteret

Tysnes kommune arrangerer førehandsrøysting på Tysnes omsorgssenteret.  Tidspunkt vert annonsert.

Ambulerande røysting - røyste heimefrå

Dersom du ikkje kan møte opp i vallokalet på valdagen grunna sjukdom eller uførheit, kan du ta kontakt med kommunen og be om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Dersom du får tilgong til å røyste i heimen, kjem det to valfunksjonærar heim til deg og mottek førehandsrøysta di her. Tidspunkt for fristar og gjennomføring vert annonsert.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal