ukraine-blue-and-yellow-bicolor-flag-illustration-2022-02-23-02-56-58-utc

Flyktningar til Tysnes

Kommunestyre er samsøysta i at Tysnes kommune svarer ja til oppmodinga frå IMDI om å ta i mot 20 flyktningar.

 

Bustad til flyktningane

Dersom me skal busette 20 flyktningar vil det bli trong for private bustader. Dette bør være sjølvstendige bueiningar med eigen inngang, eiget bad og med høve til å lage mat. Per no kan me ikkje sei meir om korleis behovet vil bli.

Har du ledig bustad du ønskjer å stille til disposisjon, kan du melde frå til Tysnes kommune på e-post: post@tysnes.kommune.no

 

Har du meldt om bustad til kommunen

Tysnes kommune har fått henvendingar om ledig husvære på Tysnes. Me jobbar med å gjennomgå alle henvendingane og vil gje tilbakemelding til alle som har tatt kontakt.

 

Mottak av flyktningar

Dersom det er flyktningar i kommunen som ønskjer å registrer seg og framleis være busett i Tysnes, kan desse takast i mot i kommunen på såkalla alternativ mottaksplass – det vil sei at dei ikkje trenger å flytte til flyktningmottak i andre deler av landet.

Flyktningar som er sjølvbusett i kommunen kan vil i tilfelle inngå i talet på flyktningar me tek imot. Dette gjeld dersom dei vel å registrer seg som flyktningar.

 

Me jobbar med å bygge kapasitet i Flyktningtenesta og andre tenester som helsetenester, skule og barnehage.

 

Meir informasjon

Stord kommune saman med Norsk folkehjelp ønskjer å legge til rette for ein regional samlingsplass for personar i sunnhordlandsregionen som kjem frå Ukraina, sjå meir her: informasjon frå Stord kommune om samlingsplass for Ukrainara

 

Informasjon frå IMDI på ukrainsk, russisk og engelsk

Informasjon frå UDI om krisen i Ukraina

Informasjon frå Helsenorge.no om helsehjelp for flyktningar i Noreg

Informasjon frå IMDi

 

Saksframlegg frå Formannskapet

 

Situasjonen kan endre seg raskt.  Me vil oppdatere desse sidene etter kvart som me har fleire svar.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med NAV-leiar Camilla Tranøy Forth, tlf: 976 92 224