Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Vaksine bilete frå Pixabay

Er du over 18 år og ventar på vaksine?

Tysnes kommune ønskjer kontakt med deg som er over 18 år og ikkje har fått tilbod/innkalling til fyrste vaksinedose mot COVID-19.

Kommunen har som mål at 90 % av alle over 18 år skal vere vaksinert innan utgongen av august. Me ønskjer difor at du tek kontakt med oss dersom du ikkje har fått tilbod om vaksine endo.

Ta kontakt med vaksinasjonsteamet på tlf. 909 55 010 mellom kl. 08:30-15:00 (måndag-fredag). Du kan eventuelt sende SMS med namn og fødselsdato til same nummer.