Leikande barn

Endra reglar for foreldrebetaling i barnehagar

Frå 01.05.2015 har familiar/husstandar rett til ikkje å betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Dette er ei søknadsbasert ordning. Søknader om redusert foreldrebetaling må sendast til Tysnes kommune.

Samstundes (frå 1. mai 2015) vert maksimalprisen for barnehageplass auka med 100 kroner (til 2580 kroner per månad).

Ordninga med redusert foreldrebetaling er som nemnt ovanfor søknadsbasert. Det er familien/husstanden sjølv som må søkja om redusert foreldrebetaling. Dette er ikkje noko ein får automatisk. Dersom husstanden si totale årsinntekt er lågare enn 466 333 kroner, så er det aktuelt å søkja om redusert foreldrebetaling. Søknadsskjema finn du ved å gå inn på lenka nedanfor. Sjølvmelding må leggjast ved søknaden.

Søknad om redusert foreldrebetaling må sendast seinast den 10. i månaden. Dersom søknaden vert innvilga, vil den reduserte foreldrebetalinga gjelda frå den påfølgjande månaden.

For søknader om redusert foreldrebetaling i mai 2015, er det sett ein eigen søknadsfrist. Årsaka til dette er at det ikkje har vore mogleg å senda inn søknad før no. Søknader om redusert foreldrebetaling i mai 2015, må sendast seinast 20.05.2015.

Dersom du har spørsmål om reglane for redusert foreldrebetaling, kan du ta kontakt med Lena E. Sløgedal på tlf. 53 43 70 54.