
Ekstraordinært plantetilskot våren 2020
Fylkesmannen melder om eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2020.
Koronasituasjonen har ført til ein krevjande situasjon for skogbruket. Det har vorte ei utfordring for skogbruket å få tilgang til naudsynt arbeidskraft til mellom anna planting i vår. Difor vert det løyvd eit ekstraordinært tilskot, som er dekka inn gjennom omdisponeringar av midlar til skogbruket over Landbrukets utviklingsfond (LUF).