22. jan. 2021 kl. 15:38

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
korona kvit bakgrunn

Ekstra møte i Kommunal kriseleiing 03.01

Grunna forsterk nasjonale smitteverntiltak som vart publisert 3. januar, vart det halde møte i kommunal kriseleiing (KKL) søndag 3. januar. Her er hovudpunkta frå møtet.

Ingen lokal smitte på Tysnes

Det er ingen nye tilfelle med covid-19 på Tysnes.

Koronavaksine

Etter planen skal Tysnes kommune starte med vaksinering i veke 1.

Du kan finne oppdatert informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Ungdomsskulen på raudt beredsskapsnivå

Etter pålegg frå regjeringa skal alle ungdomsskulene i landet over på raud beredsskapsnivå frå 4. januar. Fram til no har alle skulene og barnehagane vore på gult nivå.

Endringane frå gult til raud nivå på ungdomstrinnet inneberer nokon endringar i høve til korleis skuledagen vert organisert. For å gje skulen tid til å omstilla seg vert det planleggingsdag med elevfri for ungdomstrinnet  måndag 4. januar – før me starter med undervisning på skulen med raud beredsskapsnivå frå tysdag 5. januar.

Mellomtrinnet, småskulen og barnehagane vil fortsatt være på gult beredskapsnivå.

Tiltak i Tysnes kommune

I tråd med regjeringa sitt forsterk nasjonale smitteverntiltak vil me utsette treningsaktivitet i Tysneshallen og bassenget i dei fyrste to vekene frå 4. januar. Skulen har høve til å nytt hallen som normalt. Biblioteket vil halde opent.

På bakgrunn av regjeringa si oppmoding om heimekontor og om å unngå sosial kontakt, vil dei tilsette på rådhuset som har høve til det, jobbe frå heimekontor. Dette gjeld for dei som kan utføre si teneste utan å være på rådhuset – tenestenivået skal i utgangspunktet opprethaldast.

Rådhuset vil halde ope. Men me oppmodar om å ta kontakt per telefon eller e-post, dersom problemstillinga kan løysast slik. Me har og høve til å halde videomøter.

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon finst på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenka under:

HelseNorge.jpg

Oppdatert informasjon kvar fredag innan kl. 16:00

I samband med møter i KKL, vil me frametter legge ut oppdatert informasjon på kommunen si heimeside kvar fredag, innan klokka 16:00.

Trong for møter i KKL vert vurdert løpande. Det er førebels lagt opp til møte neste veke. Per no har KKL ein rådgjevande funksjon.

Neste planlagde oppdatering er fredag om ei veke. Dersom situasjonen i Tysnes kommune endrar seg, vil me publisere informasjon fortløpande.