Koronabilde

Ein tysnesing har fått påvist Covid-19

Ein person busett i kommunen har fått påvist Covid-19.

Vedkomande vart smitta under opphald i Bergen. Det vert no arbeidd med smittesporing.

Omfanget av nærkontaktar på Tysnes synes å vera svært avgrensa. Det er lite sannsynleg at dette vert eit større lokalt utbrot.

Det har vore forventa at det også ville bli påvist tilfeller på Tysnes før eller seinare. Me har heile tida har førebudd oss for det.