Sosialhjelp

Digital søknad om økonomisk sosialhjelp

Dei som skal søkje om økonomisk sosialhjelp kan no gjere det digitalt på nav.no.

Informasjon og søknadsskjema kan du finne her: www.nav.no/sosialhjelp

Sakshandsammingstid

Søknader vert handsamma fortløpende. Du skal ha svar innan tre veker frå søknad og naudsynt dokumentasjon er motteke NAV.

Søknad om krisehjelp skal handsammas innen 48 timer frå søknad og naudsynt dokumentasjon er motteke NAV.


 

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du fortsatt finne søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp på heimesida vår.

Ferdig utfylt skjema med vedlegg kan sendast i posten, eller leverast i postkasse utanfor hovudinngangen til rådhuset. Ved dei fleste høve er det naudsynt med ein samtale med sakshandsammar før søknaden vert handsamma.