
«IVARETATT?»
Ei undersøking for deg som er pårørande.
«IVARETATT?» er ei årleg undersøking som er open fram til 31. mars
Som pårørande kan du gje anonym tilbakemelding på korleis du opplever å bli involvert og varetatt i kommunen der du er pårørande. Undersøkinga vil ligga open nokre månader årleg, i første runde ut mars 2022. Undersøkinga tek om lag 10 til 20 minutt å svara på.
Nyttig for kommunane!
«IVARETATT?» er eit verktøy til kvalitetsarbeid om pårørande. Kommunen kan henta ut statistikk for korleis pårørande opplever å bli varetatt. Årleg rapport vil synleggjera område som treng betring og område ein lykkast med.
Bakgrunn og meir informasjon
«IVARETATT?» er utarbeidd av Utviklingssenter for sjukeheim og hjemmetjenester Innlandet (Oppland), i samarbeid med Senter for Omsorgsforskning Øst og Pårørendesenteret. Undersøkinga er laga med bakgrunn i Pårørendeveilederen og er i tråd med Pårørendestrategien og Leve heile livet. I tillegg til å vera eit verktøy for kommunane, vil data nyttast til forsking.