Bustøtte


Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning som vert administrert av Husbanken og kommunane. Føremålet med ordninga er å bidra til at eldre, uføre og barnefamiliar med svak økonomi skal kunna skaffa eller bli buande i en god og hensiktsmessig bustad.

For å få bustøtte, vert det stilt krav til husstanden og bustaden:

Husstanden:
Søkjar (hovedpersonen) må vera fylt 18 år.
I husstanden må det vera minst eit støtteberettiga medlem. Dvs.:

  • person over 65 år
  • person med uførepensjon, grunn- el. hjelpestønad, eller ykesskadeerstatning
  • person som har arbeidsavklaringspengar, etterlattepensjon eller overgangstønad
  • person med krigspensjon
  • person med sosialstønad som einaste inntekt
  • barn under 18 år

Bustaden:
Bustaden må brukast som heilårsbustad, og vera min. 40 kvm.
Du kan søkja bustøtte i "eigd bustad", "burettslag" og "leigd bustad".

Spørsmål om krav kan stillast til bustøttekontoret.

Inntektsgrunnlag for søknaden:
Som hovudregel er det husstanden si samla inntekt for siste likningsår som vert lagt til grunn.
Ordninga er økonomisk behovsprøvd, og spørsmål om inntektsgrenser kan stillast til bustøttekontoret.

Søknadsfrist 14. i kvar månad.


Flytting og situasjonsdato:
NB! ved flytting må alle i husstanden vera folkeregistrert på søknadsadressa, seinast på situasjonsdatoen 1. i søknadsmånaden.

Lovheimel:
Forskrift om bostøtte fra Den Norske Stats Husbank.

Klage:
Vedtaket er eit enkeltvedtak, og har klagerett, jf. Husbanken sine retningslinjer, og forvaltningslova § 28. Klagefristen er 3 veker frå søker har motteke vedtaket. Klagen skal vera skriftleg og innehalda grunngjeving for klagen, som skal sendast kommunen sitt bustøttekontor. Klagesaker vert avgjort av Husbanken.

Behandlingstid:
1 månad.

Søknadsskjema får ein i kundetorget i rådhuset, og på Husbanken si nettside der ein også vil finna meir informasjon om ordninga.