
Bruk av hurtigtestar i kommunen
Tysnes kommune tek i bruk hurtigtestar for korona.
Helsepersonell vurderer kva tid ein skal bruke hurtigtest
Testen kjem i tillegg til den vanlege testen. Helsepersonell vil ved kvart tilfelle vurdere om det er trong for ein hurtigtest i tillegg.
Fordelen med hurtigtest
Fordelane med hurtigtest er at dei gjev raskt svar på om ein person er smitta av koronaviruset og kan smitte andre.
Når skal ein bruke hurtigtest
Ved nokon høve er det ein stor fordel å få raskt svar på korona testar, til dømes dersom det er mistanke om at mange er smitta. Då vil hurtigtest være eit viktig verktøy for å kome raskt i gang med smittesporing for å stanse utbrot.
Hurtigtestane er ikkje like følsame som laboratorietestar og for mange haster det ikkje å få svar med ein gong. Ved slike høve vil ein fortsatt bruke laboratorietest, som gjev eit sikrare svar.