Bekymringsmelding til barnevernet

Vil du melde frå om barn som har det vanskeleg eller blir utsett for omsorgssvikt? Då kan du sende ei bekymringsmelding til barnevernet i din kommune.  Barnevernet er avhengig av meldingar om uro for å kunne gi barn som treng det nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse.

Tenesteomtale

Ei bekymringsmelding kan kome frå foreldra eller frå barnet sjølv, eller andre privatpersonar som kjenner barnet. Barnevernstenesta mottek også bekymringsmeldingar frå andre offentlege styresmakter som skule, helse og politiet.
 
Når du har sendt inn ei bekymringsmelding, vurderer barnevernet om meldinga skal følgjast opp med ei undersøking i heimen. Dette skal barnevernet gjere innan ei veke frå dei mottek meldinga. Det kan hende barnevernet tek kontakt med deg for å få meir informasjon. Det er mogeleg å sende inn ei bekymringsmelding anonymt.
 
I bekymringsmeldinga skal du skildre kva du har sett eller høyrt som gjer at du er uroleg. Vêr klar over at familien ofte får sjå meldinga.

Lover

Dette er ei lovpålagt oppgåve. Sjå spesielt barnevernslova § 2-1.

Forvaltningsloven
Barnevernsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Digital bekymringsmelding
 
 
Når du bruker Nasjonal portal for bekymringsmelding, får barnevernet vite namnet ditt. Barnevernet vil i dei fleste tilfelle opplyse familien om kven som har meldt uro, også sjølv om du helst ville vore anonym. Dette er fordi barnevernet ofte ikkje har moglegheit til å halde denne opplysinga skjult for familien. Det er også enklare for barnevernet å gjere ein god jobb når dei kan snakke med familien om kven som er uroleg, og kvifor. Dersom du ønskjer å vite meir om kva det inneber for deg at du ikkje er anonym, kan du ringje barnevernet i kommunen.
 
Dersom du vil vere anonym, kan du ringe eller sende brev i posten
 
Dersom du likevel ønskjer å vere anonym, kan du ikkje nytte Nasjonal portal for bekymringsmelding. Då kan du laste ned eit skjema og sende bekymringsmeldinga i posten utan å oppgje kven du er. Du kan også ringje barnevernet direkte, og la vere å seie namnet ditt.
 

Saksbehandling

Når du har sendt ei bekymringsmelding om eit barn, skal den alltid følgjast opp av barnevernet. Barnevernet gjer ei vurdering av kva slags hjelp barnet og familien treng.
 
Barnevernet har teieplikt, derfor får du ikkje informasjon om korleis barnevernet følgjer opp barnet og familien.
 
Dersom situasjonen for barnet framleis er uroleg eller har forverra seg, er det viktig at du tek kontakt med barnevernstenesta i kommunen på nytt.

Saksbehandlingstid

Barnevernet skal gjennomgå innkomne bekymringsmeldingar så fort som mogeleg for å fange opp eventuelle akutte hjelpebehov. Dersom ein bekymringsmelding ikkje er akutt, skal den likevel behandlast innan ei veke etter at den er motteken.

Tenesta oppdatert: 30.12.2022 16:18