thumbnail_20161004_102957

Barnehage- pris per månad, redusert pris og gratis opphaldstid

Ein heiltidsplass i barnehagen kostar 2730,- per månad. Matpengar kjem i tillegg. Hausten 2017 vert matpengar i full plass på 300,-

Dersom husstanden si samla brutto årsinntekt er under 500 500,- kan du søkje om redusert pris i barnehage.

Dersom husstanden si samla inntekt er under 450 000,- og du har barn som fyller tre, fire eller fem år, eller utsett skulestart, kan du søkje om gratis opphaldstid (20 timar per veke) i barnehagen.

Søknadsfrist 1. august. Søknaden gjeld for eit år om gongen.

Søknadskjema finn du i høgre menyfelt under barnehage.

Vedlegg som må sendast med søknaden: Det er viktig at etterspurt dokumentasjon vert sendt saman med søknadskjemaet. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon vert avslått. Dokumentasjonskrav er siste år si sjølvmelding. Inntektsgrunnlaget skal spegle dei faktiske skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står i sjølvmeldinga, er ein pliktig til å opplyse om dette.

Dersom søkjar ikkje kan leggje fram sjølvmelding må annan dokumentasjon leverast. Dette kan for eksempel vere lønnsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV.

/www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/