Barnehagane

Trykk på linkane under for meir informasjon om dei einskilde barnehagane.

Lunde barnehage 

Onarheim barnehage 

Stjernereiso barnehage  

Vågsmarka barnehage

Søkje om barnehageplass

Søknadsskjema kan du finne her: Søknadsskjema

Skjema kan også nyttast til endringar som auke av plass og byte av barnehage.

Frist til hovudopptaket er 1. februar.

 

Barnehageloven § 12 a.Rett til plass i barnehage:

 

Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.

Redusert foreldrebetaling

Les meir på https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/moderasjonsordninger-foreldrebetaling/ 

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den første månaden etter at Tysnes kommune mottar søknaden og ut barnehageåret (juli). Vedtak frå august gjeld altså til og med juli året etter. Dersom ein søker i oktober, gjeld vedtaket frå november.

Ein må søke på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden si samla inntekt. Me tilrår at du søkjer for neste barnehageår innan 15. mai. 

Ein kan søke i løpet av barnehageåret dersom det er store og varige endringar i inntekta, til dømes på grunn av langtidsarbeidsløyse, samlivsbrot eller anna.

Ein kan no søkje om redusert foreldrebetaling via Visma foresattportalen. https://www.foresatt.visma.no/tysnes   

Føresette må legge ved siste skattemelding og lønsslipp for dei siste tre månadene i søknaden.

Når vedtaket er sendt ut, blir fakturaen automatisk justert.

Styrara og einingsleiar - drift av barnehagane

Barnehagane vert eigd og drivne av Tysnes kommune.

Styrarane har ansvar for den praktiske og pedagogiske drifta av barnehagane.

Einingsleiar for barnehagane:

Wenche Fagerbakk
Telefon: 957 48 374
E-post: wenche.Fagerbakk@tysnes.kommune.no

Samen om framtida! - strategi- og utviklingsplan

Alle barnehagane i Tysnes kommune arbeider etter strategi- og utviklingsplan for skular og barnehagar.

Strategi- og utviklingsplanen finn du her: Saman om framtida!

 

http://www.barnehagefakta.no/kommune/1223/tysnes

Glade vaksne - glade barn!

Visjonen for Tysnes barnehagane er Glade vaksne - Glade barn!

Glade vaksne - Glade barn