Frivilligprisen 2016

Kirsten Nesse er vald som mottaker av prisen og dei som nominerte henne framhever hennas innsats som frivillig m.a med dette:

"Kirsten Nesse er vald som mottaker av prisen og dei som nominerte henne framhever hennas innsats som frivillig m.a med dette:

  • for dei busette flyktningane på Tysnes som leksehjelp, matlagingshjelp og flyktningvenn
  • som besøksvenn for dei eldre på Tysnes
  • som deltakar i turgruppa, torsdagsklubben

Ho er ei dame som stiller opp på ulike arenaer i samfunnet vårt , men har og gitt av sitt engagement under Afrikas himmel. Fleire opphald i Afrika som lærar og som medhjelpar for Frøydis Norbustad sitt arbeid.

Når me i kyrkje og Bedehus treng hjelp til andaktar, klokkeringing, kyrkjetenararbeid i gudsteneste, ved bryllup og gravferd stiller ho så sant ho er heime.

Stillefrdig, trufast og nærverande i si teneste.

Treng ho sjølv påfyll finn ho dette ofte i retreatbevegelsen saman med vener.

Kirsten Nesse er engasjert, uredd, kunnskapsrik, er opptatt av å få eit ope samfunn og har bidrege generelt til at folk skal ha eit godt liv.

Mange set utruleg pris på at ho høyrer til hos oss.

I aller høgste grad fortener ho ein pris som symbol på vår takk."

Jannike E. Dalland m/familie og Merete Kristiansen var også nominert.

Styret i Tysnes Frivilligsentralen, som er jury, gjev stor ros til desse 2, som har og gjer ein fantastisk innsats.

Prisen vert delt ut torsdag 15. desember. Arr vert i Tysnes Bedehus med start kl 14.30. Det vert m.a innslag med song frå Tysnes Barnekor. Arr er ope for alle som vil delta og er gratis.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?