Borna på bildet har gjennomført ei praktisk og teoretisk sykkelopplæring med Sykkelkids. Dette er ein måte å gjere skuleborn trygge på sykkel i trafikken.

Alle kan søke om tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

1,4 millionar blei delt ut første halvår av 2021, men fylkeskommunen har enda meir å dele ut.

Kommunar, skular og barnehagar, FAU, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot til trafikktryggingsarbeid. To gongar i året deler Vestland fylkeskommune ut midlar. Neste frist er 1. september.

Trafikktryggingsutvalet i Vestland deler årleg ut pengar til kommunar, skular, lag og organisasjonar som ønskjer å setje fokus på trafikktryggleik. Alle kan finne informasjon og søke om midlar via nettsidene til Vestland fylkeskommune.


Døme på aktivitetar det har vore gitt støtte til tidlegare er

  • Sykkelopplæring
  • Trafikktryggleiksdagar
  • Markering av refleksens dag
  • Kampanjar
  • Andre aktivitetar

– Du kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak, arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt og enda meir som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar, seier Eva Vinjevoll, rådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Ordninga gjeld ikkje fysiske tiltak, men alle aktivitetar som bidrar til å tryggare trafikk og trafikantar blir vurderte.

Vaffelaksjon

Våren 2021 delte trafikktryggingsutvalet ut 1,4 millionar kroner til 35 ulike arrangement og aktivitetar. Blant dei 35 arrangementa og aktivitetane var førstehjelp ved trafikkulukker, Sykkelkids, Russen sin dag, bilførar 65+ noko av det som fekk støtte.

«Lågterskel»-aksjonar er det mange av i løpet av eit år. Mange skular søkjer om nokre tusen til enkle innkjøp. Det kan for eksempel vere ein trafikk- eller refleksaksjon.

– Nokon søkte om 300 kroner til innkjøp av vaflar for å arrangere ein positiv trafikkaksjon, med utdeling av refleks og vaflar, og ein påminner om å køyre forsiktig. Det fekk dei innvilga, seier Vinjevoll.