PENGER

Agnes og Olav Berges stipendiefond

Stipendiefondet er eit legat administrert av Tysnes kommune. Føremålet med stipendiefondet er å gje stønad til ungdom frå Tysnes under utdanning. 

Inntil halve avkastninga av grunnkapitalen kan delast ut kvart år.

Storleiken av kvar utdeling vert fastsett av styret etter søknadsfristen er gått ut, 15. februar 2018.

Dei første 10 åra etter lengstlevande sin død (2009), skal det berre delast ut støtte til etterkomarar av Agnes og Olav Berge sine søsken. Søkjarar må vera norske statsborgarar, busette i Noreg og mellom 20-30 år. I særlege høve kan ein gje støtte til søkjarar mellom 18-30 år.

Stadfesting på studieplass må leggjast ved søknaden.

Søknadsfristen er sett til 15. februar 2018. Søknad kan sendast pr. post til Tysnes kommune, V/Aud Kaldefoss, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, eller på epost til post@tysnes.kommune.no.

Dei som allereie har sendt søknad for dette året, treng ikkje søkja på nytt.