Med tilvising til kommunestyret sitt vedtak av desember 2021 og februar 2022, eigedomsskattelova §§ 14 og 15 og sakkunnig nemnd sitt vedtak om taksten, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 28.02.2022. Lista viser samtlege eigedomar med oppgjeve adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskatte­takst, skattesatsen og eigedomsskatten.

Skattelista er lagt ut i resepsjonen på Rådhuset.

Kvar eigar får samstundes med denne kunngjeringa tilsendt ein eigen skattesetel om takst, skattegrunnlag og eigedomsskatt.

Klage

Frist for klage er 6 veker frå 01.03.2022. Klagen skal vera skriftleg, innehalda ei nærare grunngjeving og underskrive.

Eventuell klage vert å senda til:

Tysnes kommune, Eigedomsskattekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

 

Fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt 2022

Tysnes kommune vil fakturera kommunale avgifter og eigedomsskatt i 4 terminer i 2022.