Møte vert ikkje fysisk opent for publikum.

I samband med dei nye reglane for smittevern gjeldande frå 15. desember, er det vurdert at møte i kommunestyre kan gjennomførast, men utan fysisk publikum.

Vurderingane er gjort etter råd frå smittevernslegen og i samråd med Statsforvaltaren si beredskapsavdeling.

 

Digital overføring

Møte vert overført i sanntid og vil vera ope tilgjengeleg på Bladet Tysnes si nettside:

Lenkje til kommunestyre

 
Me ser alle at det hadde vore ønskjeleg at møte vart ope for fysisk deltaking frå publikum. Men ser dessverre ikkje at det er mogleg. Samstundes er det vurdert at omsynet til møteoffentlegheit er ivareteke med digital overføring.
 

Møte vil også være tilgjengelig i opptak.

 

Møtet startar kl. 16.00.

Sakane som skal opp til handsaming finn de i møtekalendaren her:

Kommunestyret 16. desember