25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
IMG_5260 croppet

Kulturbussar

Kulturbussane kan brukast av til å frakte barn, unge, eldre og funksjonshemma på utflukter og aktivitetar i kommunen eller utanfor kommunen.

Første bil kan bestilles frå måndag 25. oktober 2021. Bil nummer to er forsenka frå produsent.

Kulturbussane er stilt til rådigheit for kommunens avdelingar.
I tillegg kan lag og organisasjonar som skal frakte born og unge, eldre eller funksjonshemma leige bilane.

Det er plass til åtte personar i tillegg sjåfør.

Bensinkort fylgjer med, og vi sett pris på om du ikkje sett frå deg ein bil som er tom for bensin.
Det er fint om du ryddar bilen etter bruk.

Nøkkel kan hentast og leverast attende i resepsjonen på kommunehuset kvardagar mellom 0900-1500. Utlevering av nøkkel på andre tidspunkt må avtalast med den ansvarlege for utleige.

Dei to bilane er gratis å bruke for alle avdelingar i kommunen. Kommunen har førsterett til bilane i skule og barnehage sine opningstider.

Lag og organisasjonar kan leige bilane på ettermiddag/kveld og i helgar og betaler kr. 100,- pr. gong for uavgrensa bruk. Det vil bli sendt faktura frå kommunen til den som bookar bilane.

Alle uhell/skadar/behov for veghjelp skal meldast til Leaseplan sin alarmtelefon 810 33 666. Telefonen er døgnbemanna.

OM DU SKAL TIL BERGEN: Den enkleste måten å betale piggdekkgebyr er å bruke Bergen kommune sin parkeringsapp «Parkering i Bergen». Du kan laste ned parkeringsappen fra Google Play eller App Store. Årets piggdekksesong er fra 1. november til og med første søndag etter 2. påskedag 2022.
 

Du kan booke bilane her: bestill bil

IMG_5261
IMG_5262
IMG_5263