25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
Vaksine bilete frå Pixabay

Koronavaksinering

Er du over 65 år, vil du få innkalling

Legekontoret jobbar no med å tilby dei over 65 år ein 3. vaksinedose.

Målet er å ringje alle over 65 år med tilbod om  3. vaksinedose. 

Oppmodar alle om å ta timen ein vert tildelt

Me oppmodar alle om å ta timen de får tildelt - det kapasitetkrevjande for legekontoret å tilpasse og flytte timeavtale.

Intervall mellom 2. og 3. dose

Intervall mellom 2. og 3. dose skal være minst 5 månader. Dette har legekontoret kontroll på via jorunalen din.

I risikogrupppe definert av FHI og ønskjer 3. dose

Om din behandlande lege vurderer at du får tilbod om 3.dose, kan du ta kontakt med legekontoret for å avtale time.

Du må ta med deg dokumentasjon frå legen som stadfester at du tilhøyrar aktuelle sjukdomsgrupper. Dei det gjeld vil få tilbod om 3. vaksinedose fire veker etter 2. vaksinedose.

Her kan du lese informasjon frå FHI om kven som er aktuelle for tilbod om 3. vaksinedose.