25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
korona kvit bakgrunn

Påviste smittetilfeller Covid-19

Det ligg føre to positive prøvesvar på Tysnes.

Det eine tilfellet er ein person som er heimehøyrande i Bergen, men som har fritidseigedom på Tysnes. Smittesporinga er avslutta, det er registrert ein nærkontakt på Tysnes.

Det andre påviste tilfelle gjeld ein person heimehøyrande på Tysnes som går på vidaregåande skule. Smittesporing er under arbeid.

Tysnes kommune vil oppmoda om at alle som kjenner symptom på luftvegssymptom testar seg og at alle følgjer nasjonale tilrådingar med omsyn til smittevern.