Alle kommunar i Noreg skal ha eit ungdomsråd. 

I rådet skal ungdommane arbeide fram eigne saker og ta initiativ til å komma med uttale i saker som er oppe til politisk behandling i kommunen. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange medlemer ungdomsrådet skal ha, og som vel rådet. I Tysnes skal kommunestyret velje nye medlemmer 21. september.

Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar og fordeler sjølve andre roller. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Dei som skal veljast må vere mellom 12 og 18 år på valtidspunktet.

Me ber om at dei som ønskjer å vere med eller å nominere nokon gjer det innan fristen 10.september.

Skriv ein kort søknad med kvifor du ønskjer å vere med. Send den til anten:

ordfører Kåre Martin Kleppe

eller sekretær for ungdomsrådet Synnøve Bakke

Har du andre spørsmål om ungdomsrådet kan du kontakte sekretæren.