25. nov. 2021 kl. 16:04

Koronainformasjon

Les mer
closeup-of-employer-showing-his-new-employee-where-7JVWPFM

Kommunal kompensasjonsordning

Tysnes kommune har lagt ut ny støtteordning for lokale verksemder i samband med Covid19 - II

Tysnes kommune har lagt ut ny støtteordning for lokale verksemder som har tapt omsetnad og/eller hatt særlege kostnader som følgje av pandemien og lokale eller nasjonale smittetiltak.

Den økonomiske ramma for ordninga er kr. 250.000,-, tildeling etter ordninga vert gjort av formannskapet.

Ordninga omfattar verksemder som utfører verksemda si i Tysnes kommune. I tillegg kan destinasjonsselskap og tilsvarande fellesorganisasjonar for reiselivsnæringa søkje med bakgrunn i kostnader som lokale verksemder i Tysnes kommune har knytt til deira aktivitet.

  • Lokale verksemder som har falle heilt, eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særskilte kostnader som følgje av pandemien.
  • Tilskot vert tildelt etter ei heilskapsvurdering og vil ikkje verta detaljert ned til spesifikke kostnader.
  • Reiseliv-, arrangement- og serveringsnæringar vert særskilt prioritert, men også andre bransjar kan fremja grunngjeven søknad.
  • Tilskot skal gjevast innanfor ordninga med bagatellmessig støtte.

 

Søknader skal fremjast og handsamast gjennom www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist: 23. august 2021.

Eventuelle resttildelingar må skje før 1. november 2021.

Formannskapet gjer endeleg vedtak om støtte.