Branntilsyn i bustad er eit viktig brannforebyggjande tiltak for å unngå brann.

I tillegg til tilsyn med fyringsanlegg vil ein og ha fokus på røykvarslara , sløkkjeutstyr og rømmingsvegar.

Huseigar vil få ein sms om tidspunkt for tilsyn. Dersom ein ikkje ønskjer feiaren på besøk, kan ein gje beskjed ved å ringe til telefonnummeret i melding.

Branntilsyn skal utførast kvart 4. år i bustadar som har registrert eldstad. Kommunen delt inn i fire områder, der ein går tilsyn i eit av dei pr år.  

Denne tilsynsrunden vert avslutta i veke 5.

Smittevern

Dersom ein er sjuk eller har symptom på luftvegssjukdom, ber me om at ein melde frå ved å ringe til telefonnummeret i meldinga.

Ein ønskjer å halde to meters avstand under tilsynet. Tilsynspersonell vil utføre smittevernstiltak som desinfisering av hender og kontaktflater mellom kvart hus dei besøkjer og huseigar vil få spørsmål om det er ønskjeleg at ein brukar munnbind under tilsynet.