Business laptop

Skal du sende faktura til Tysnes kommune?

Me ynskjer at alle nytter elektronisk faktura i EHF-format

Faktura til Tysnes kommune skal sendast elektronisk i EHF-format. Alle einingar under Tysnes kommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer, 959 412 340.

Faktura stilast til:

Tysnes kommune
Økonomikontoret
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal


I feltet for leveringsadresse skriv du eininga som har bestilt varen/tenesta.

Vår bestillar sitt ressursnummer må leggjast til feltet «Dykkar ref» på faktura.

Elektroniske fakturaadresse: 959412340

 

Lurer du på kva fordeler det er med EHF?

  • Miljøomsyn
    Det offentlege har i dag om lag 100 millionar fakturaer pr. år som sendast elektronisk (EHF og PEPPOL BIS). Elektronisk sending og mottak av faktura, kreditnota og purring vil spare miljøet for papir og sending av dokument med fly- og biltransporten til posten. CO2-utsleppa vil bli mindre, og mengda papiravfall redusert.

  • Spar tid og ressursar
    I tillegg vil verksemda di spare tid og ressursar på ikkje-manuell handtering av dokument, og i staden bruka tid på kontroll, oppfølging og kunderetta arbeid.

  • Standardformat
    Ved bruk av standardformatet Elektronisk handelsformat (EHF) kan aktørane sende og ta i mot dokument på samme måte, slik at dokumentflyten går meir smidig og etterarbeidet på kontrollsida blir enklare.

  • Leveransestad
    Bruken av aksesspunkt vil gjere utvekslinga enklare. Både sendar og mottakar veit at dokumenta ikkje blir borte under transport, og at det berre er éin stad å levere/hente dokumenta.

Kilde: Difi