Sak om godkjenning av kommunevåpenet vart handsama av formannskapet 23.01.20, som gjorde følgjande vedtak:

  1. Tysnes kommune ynskjer å godkjenne kommunevåpen alternativ 2, på blå grunn to sølvfarga kryssede økser med krone over. Motivet kjem frå eit segl funnet etter Olavsgildet på Onarheim.

  2. Heraldiske fargar som skal nyttast er blå og sølv I pantone fargar skal det nyttast «Prosess Blue» og kvit. I CMYK fargar skal det nyttast fargekodane 100-13-1-3 og 0-0-0-0

  3. Avgjerdsla skal sendast på open høyring, slik at ein kan få innspel frå innbyggjarane i Tysnes kommune.

  4. Endelig avgjersle skal gjerast i kommunestyret 7. mai

Saka vert lagt ut til open høyring, med høringsfrist 6 veker.

Merknadar kan sendast til: Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685  UGGDAL eller på e-post til: post@tysnes.kommune.no

Høyringsfrist 23. april 2020.

 

Godkjenning av kommunevåpenen til Tysnes kommune.pdf

Vedtak Godkjenning av kommunevåpenet til tysnes kommune.pdf