grründer

Bjørnafjordkonferansen - saman om vekst!

Tysdag 5. november 2019 vert "Bjørnafjordkonferansen - saman om vekst" arrangert for fyrste gong.

Næringsavdelinga i kommande Bjørnafjorden kommune har saman med Bjørnafjorden Næringsråd gleda av å invitere til den aller første Bjørnafjordkonferansen, 5. november 2019 i Oseana Kunst & Kultursenter.

Bjørnafjordkonferansen skal vere ein tverrfagleg møteplass for alle som ønskjer å utforske moglegheiter i og rundt vakre Bjørnafjorden.

Med undertittelen «Saman for vekst» ønskjer vi å gi deltakarar, på tvers av generasjonar og sektorar, ein møteplass som inspirerer og motiverer til å sjå mot framtida saman, og ikkje minst gode verktøy som ein kan ta med seg tilbake til arbeidsplassen.

Arne Hjeltnes skal leie oss gjennom denne spennande dagen med foredragshaldarar som Mons Ivar Mjelde, Kari Traa, Ingebrigt Steen Jensen og Jannicke Hilland.
Det vil bli «sofaprat» med lokale bedriftseigarar og unge entreprenørar som blant anna vil diskutere næringslivet i regionen vår, og kva dei trur framtida vil bringe. Det vil òg bli utdeling av Fjordfondet i regi av Bjørnafjorden næringsråd.

Meir informasjon og påmelding på www.bjornafjord-konferansen.no

Meld deg på før 1. september for å få den beste prisen.