Dersom du ikkja kan møta fram i røystelokala på røystingsdagen, kan du røysta på førehand. Du kan førehandsrøysta i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregister, må du hugsa på at røysta skal nå fram til heimstaden gjennom posten innan tysdag 10. september kl. 17.00.

 

Du kan røysta på førehand frå og med måndag 12. august i Tysnes.

 

Førehandsrøystinga skjer i fellestenesta på rådhuset:

 

Opningstider: 12.08 - 06.09.19: Måndag - fredag: kl. 09.00 - 15.00.

 

Utvida opningstider:

Laurdag 31.08.19       kl. 10.00 - 16.00

Torsdag 05.09.19       kl. 15.00 - 19.00

 

Siste frist for førehandsrøysting er fredag 06. september kl. 15.00.

 

Hugs valkort og legitimasjon! Alle som står i folkeregisteret vil få brosjyren tilsendt, før den ordinære førehandsrøystinga tek til 12. august.