To barn ser på gravemaskin

SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS FRÅ OG MED HOVUDOPPTAKET 2020

Frå og med barnehageopptaket 2020 (hovudopptak) vil søknad om barnehageplass i Tysnes kommune bli gjort via Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Det gjeld for om du søkjer for fyrste gang, om du søkjer endring av plasstype eller om du søkjer overføring til anna barnehage. 

På Tysnes kommune si nettside vil det liggje ei lenke https://barnehage.visma.no/tysnes direkte til Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Ved å klikke på denne lenka, kjem du til innlogging i føresettportalen. Du logger deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

I føresettportalen har du høve til å velje enten bokmål, nynorsk eller engelsk som språk.

Søknad om barnehageplass består av følgjande trinn, der føresette må legge inn informasjon:

                         Opplysningar om barnet

  1. Fødselsnummer
  2. Namn

1. Kontaktopplysningar om føresette

  1. Relasjon til barnet
  2. Mobiltelefonnummer
  3. E-postadresse
  4. Legg ev. til medsøkjar

2. Vel barnehage

  1. Ønska dato for oppstart
  2. Barnehagar i prioritert rekkefølgje
  3. Plasstype

3. Andre opplysningar

  1. Morsmål
  2. Opptakskriterier barnet oppfyller
  3. Dokumentasjon for kriterier der dette vert krevd.
  4. Andre relevante opplysningar

4. Kontrollskjema

  • Kontroll av opplysningar i søknad
  • Innsending av søknad

Søknaden vert sendt elektronisk, direkte frå føresettportalen, til Visma Flyt Barnehage si administrasjonsløysning for Tysnes kommune. Når søknaden er sendt, vil du motta ei stadfesting på den e-postadressa du har oppgitt i søknaden.

Dersom du har behov for hjelp til å fylle ut søknad i føresettportalen, kan du ta kontakt med Lena Epland Sløgedal, tlf. 92423380 lena.e.sloegedal@tysnes.kommune.no