Leikande barn

Søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehagen

For å få innvilga redusert foreldrebetaling frå Tysnes kommune, må du sende søknad med dokumentasjon.

Søknadsrutiner

  • Føresett som søkjer, må bu på same folkeregisteradresse som barnet

  • Det er kommunen som barnet er folkeregistret i, som skal handsame søknad om reduksjon i foreldrebetaling

  • Søknadskjema ligg på kommunen si heimeside.

  • Vedtak om redusert foreldrebetaling vert gitt frå månaden etter søknadsmånaden og ut barnehageåret. Føresette som har behov for reduksjon, må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår med ny dokumentasjon for inntekt.

  • Føresette kan søkje undervegs i barnehageåret dersom det er vesentlig og varig endring i inntekta. Med vesentleg og varig endring meinast stort inntektstap som følgje av langtidsarbeidsløyse, endring i husholdninga si samansetning eller liknande.

Søknadsfrist

Når du får barnehageplass, sender du søknad om redusert foreldrebetaling så snart som mulig.

Du må søkje om redusert foreldrebetaling kvart år. For føresette som allereie har moderasjonsordningar, tilår vi at søknad om moderasjon for neste barnehageår vert sendt snarast.

Vedlegg

Det er viktig at etterspurt dokumentasjon vert sendt saman med søknadsskjemaet ditt. Søknader uten tilstrekkelig dokumentasjon vil ikkje bli behandla.

  • Dokumentasjonskrav er sjølvmelding for det siste året

  • Inntekstgrunnlaget skal gjenspeile dei skattepliktige inntektene. Dersom søkjar har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den forhandsutfylte sjølvmeldinga, er ein pliktig til å dokumentere dette. Eksempel på slik dokumentasjon:

    • Dei tre siste lønnsslipper frå arbeidsgjevar.  Desse må vise endring i årslønn i forhold til sjølvmeldinga.

    • Vedtak fra NAV om sosialstøtte.

Les meir om moderasjonsordninga her på Udir.

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/

 

Kontakt oss

Born og utdanning

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal