Gatekjøkken må ha serveringsløyve i den grad det i tillegg til kioskvarer vert seld annan "gatekjøkkenmat" enn pølser og brød. Det finst nokre unnatak frå krav om serveringsløyve, t.d. når servering ikkje skjer i næring. Det er ein føresetnad for tildeling av serveringsløyve til permanente lokale at dei er godkjende for aktuell verksemd av bygningsrådet og av mattilsynet. Verksemda skal vera registrert i Brønnøysundregisteret.

Serveringsløyve vert gjeve til den som er økonomisk ansvarleg for drifta. Kvar serveringsstad skal ha ein styrar og ein neststyrar for løyvet. Det vert stilt vandelskrav til løyvehavar, styrar, og personar med eigarinteresser i serveringsstaden.

Du kan søkje ved å e-post til post@tysnes.kommune.no

For rettleiing i kva søknaden skal innehlade, ta kontakt med kommunen på tlf: 55 43 70 00 eller e-post: post@tysnes.kommune.no

 

Styraren ved serveringsstaden må ha gjennomført ein etablerarprøve for å dokumentera nødvendige juridiske og økonomiske kunnskapar for å driva ein serveringsstad. 

Dersom du ønskjer å ta prøven hos Tysnes kommune kan du ta kontakt på tlf. 53 43 70 00 eller e-post. Prøvegebyret er kr. 400,-.

"Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" kan kjøpast hos VINN v/Narviktelefonene, 8512 Narvik, faks 76 96 72 00, E-post: firmapost@vinn.no. Meir informasjon finn du på vinn.no.