Opningstid: Annankvar torsdag (oddetalsveker, og føl skuleruta). Kl 15:00 - 16:45
Stad: 2. etg. i Våge senter, over Carisma, ved siden av treffstaden
Tlf: 53 43 70 86

 

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år (studentar). HFU er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen.

Her kan du kome med det du ynskjer hjelp til

  • Samtale om det som opptar DEG, t.d fysisk, psykisk og seksuell helse, mat, rus, kjønnsidentitet eller vald/overgrep.
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Innsetting av p-stav
  • Graviditetstest og rettleiing i samband med graviditet
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

 

Kven møter du ved helsestasjon for ungdom?

Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning.

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar.

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning i svangerskapsomsorg/gravide og kvinnehelse.

Helsestasjonslegen er tilgjengeleg ein torsdag i månaden, ta gjerne kontakt for dato.

 

Det er gratis å bruke Helsestasjon for ungdom!

Du bestiller ikkje time, berre kom innom.   

Velkommen!